Categories
  • No categories

Arne Idar Nedberge starta Høyanger Bil AS i 1991

Firmaet har fem tilsette og held til i romslege og moderne lokale på Hjetland Industripark. Der er der bilverkstad, vaskehall og forretning  med sal av bilar og diverse komplementære varer. I byrjinga ar verksemda ein rein bilverkstad, med enkelte kjøp og sal av bruktbilar. Men i 1993-94 fekk Arne Idar agenturet i Sogn og Fjordane på sal av bilmerka Daihatsu og Kia, for import-giganten Bertel O. Steen. I dag utgjer verkstaden og bilforretninga omlag like store delar av omsetnaden -ca 90% totalt. Dei resterande 10 prosenta kjem frå vaskehallen og sal av varer som til dømes batteri, bil-stereo og andre bil-relaterte produkt -samt litt fritidsutstyr, påhengsmotorar og fritidsbåtar.